Kjøttbrød med bacon og omnsteikte rotgrønsaker

Kilde: http://matlagingsbloggen.blogspot.no/2015/05/kjttbrd-med-bacon-og-ovnsteikte.html

Meget god rett.
KJØTTBRØD:
3 pers.
ca.600 g. karbonadedeig eller kjøttdeig
1 ts.salt
1/4 ts. pepper
1ts. oregano el. provencekrydder
2 strøkne ss. potetmjøl
ca 3 dl vatn (eller mjelk)
Ca. 8 tynne strimlar bacon.
———
8 middels store poteter
3-4 gulrøtter
1 – 2 Pasternakk eller persillerot eller sellerirot
1 løk
3 dl. buljong (vatn + terning)
2 ss smelta smør
1 1/2 ss soyasaus
persille (kan sløyfes)
Rør kjøttdeig/karbonadedeig seig med saltet. Tilset krydder og potemjøl og bland godt. Spe med væska litt etter litt. Rør evt. inn egget tilslutt saman med løken.  Ha farsen over i ei smurt ildfast form.
Du kan enten bruke ei stor form slik at du får grønsakene ved sidan av eller to mindre slik at dei går ved sidan av kvarandre i steikomnen. Form farsen til eit avlangt brød. Bruk ein slikkepott eller hendene dyppa i kaldt vatn. Dekk overflata med baconstrimlar.
Sett steikomnen på 250 grader og begynn på grønsakene.

Kok potetene i ca 20 minutter – for å sikre at det er myke ved servering

Kok gjerne gulrøttene i 10 minutter, for å gjøre dem mykere

 

Skjer poteter i båtar (du bestemmer sjølv om du vil skrelle dei, eg likar dei med skalet på)
gulrøtter i skiver og løk i båtar. Forvell løk og gulrot i buljongen 3-4 minutt. Ta vare på buljongen, den kan brukast til saus. Legg poteter, løk og gulrot rundt kjøttbrødet eller i ei eiga form slik eg har gjort. Ringle over smelta smør og soyasaus. Sett midt i omnen og reduser varmen til 200 grader.
Slå ca 1dl av buljongen over grønsakene etter ca halve steiketida. Rør litt i grønsakene underveis i steikinga. Steikast ca. 45min til grønsakene er mjuke og gyldne og kjøttbrødet gjennomsteikt.

Comments are closed.