Kilde: http://paakjokkenbenken.com/2012/02/19/smakfulle-ostestenger/
Laget første gang 18/11-17. Veldig gode…. Spiste til aspargessuppe. Litt plunder å trille ut stengene, kanskje bør osten rives mer opp.
Du treng:
2 1/2 dl hvetemel
100 g kaldt smør, i terningar
150 g riven ost (gjerne jarlsberg, gryère – ost med smak)
1 ss tørket oregano
1 eggeplomme
1 ss vann
ca 1 ss Maldonsalt eller grovt havsalt til pynt
Slik gjer du det:
- Ha mjølet i ei kjøkkenmaskin og dryss på smørterningane. Køyr med pulsknappen til du har ei finkorna masse som liknar på brødsmular. Tilsett oregano og ost, bland med eit par trykk på pulsknappen. Ha i eggeplommen og bland godt med pulsknappen.
- Legg deigen på benken og kna den godt saman (legg den i kjøleskapet ei stund om den er klissete). Form deigen til ei lengde og del den i om lag 30 små bitar. Trill kvar bit til ei om lag 12 cm lang pølse og legg dei på steikeplata. Dekk med plast og set kaldt i 20 minutt (dersom du ikkje har stort kjølehjørne som rommar bakeplatene, kan du like gjerne la dei stå under eit ope vindauge).
- Forvarm steikeomnen til 200 grader.
- Pensle ostestengene med vatn og dryss på salt. Steik eitt brett om gangen, i 10 – 15 minutt – dei skal vere gylne. Avkjøl stengene på rist. Server ostestengene med dipp, til suppe, som snacks eller som ein av fleire godbitar på ein antipasto-tallerken.